Handle lokalt til jul

Kvar ei krone som du vel å handle lokalt med, er ei investering i eit levande lokalsamfunn! I Lesja har vi ingen bedrifter å miste, så bli med og støtt opp om det lokale næringslivet om det er kjøp av julegaver eller restaurering på hytta.

I år som i fjor tek du med deg eit "nissekort", får kortet stempla/signert hjå fem forskjellige foretak du er innom og handler av i bygda. Når kortet er fullt, skriv navn og telefonnummer på og lever det den femte staden du er innom. Og så kan du gjere det same ein gong til.

Dette kan du vinne:

-Gåvekort (verdi 400,-) frå XL-BYGG Bjorli
-2 gåvekort valfri vaffel og varm drikke for 2 personer hos Avdemsbue (verdi 220,- x2) frå Avdem gardsysteri
-Gåvekort på stor pizza (verdi 220,-) frå YX Bjorli/Bjorli Bensin og service
-Gåvekort (verdi 400,-) frå Lesja Innkjøpslag
-Gåvekort (verdi 500,-) frå Bunnpris Bjorli
-Lyktesett (verdi 500,-) frå Lunt-inne
-Gåvekort stor pizza (verdi 240,-) frå Lesjabygde Kafé
-Gåvekort (verdi 250,-) frå Coop Lesjaverk

-Gåve (verdi 250,-) frå Ljosbakken gard
-Hjortekarbonader 1kg (verdi 265,-) frå Høgfjellshjort
-Gåvekort (verdi 250,-) frå Bunnpris Lesjaskog
-Boka "Fiskekrønike for Lesja" (verdi 495,-) frå Snøhetta forlag

Ta førjulshandelen hjå dei nemnde bedriftene

Kampanjen går frå 1. desember til og med 24. desember.
Trekninga blir offentleggjort på Visit Lesja sin Facebook i etterkant.

Ho ho ho!