Lesja er tildelt status som Nasjonalparkkommune

Lesja er omkranset av Reinheimen Nasjonalpark og Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, og en stor prosentdel av kommunearealet er vernede områder. Kommunen er stolt av naturområdene sine, som gir unike opplevelser ute i naturen. 

Tekst om tildelingen hentet fra Lesja kommunes nettside:

Lesja søkte 28.05.2018, med bakgrunn i vedtak i kommunestyret frå mars same år om at Lesja kommune skulle bli ein nasjonalparkkommune som kan ta i bruk merkevaren "Norges nasjonalparkar".

Miljødirektoratet har no, som ein av dei første kommunane i landet, godkjent kommunen som nasjonalparkkommune, og skriv at: «Lesja kommune har på en god måte beskrevet hvordan kommunen vil arbeide for å oppfylle kriteriene for kunne bruke merkevaren».

Kommunen må no arbeide for å oppfylle dei kriteria som blir sette for at merkevaren skal takast i vare. Dette stadfestar den statusen Lesja allereie har opparbeida seg som ein framifrå natur- og friluftslivkommune. Det er også eit kvalitetsstempel både for kommunen sine kvalitetar, for det arbeidet som er gjort, og som i framtida skal leggjast ned, for å auke interessa for Lesja både som ein god kommune å bu i og ein god kommune å besøkje.

Statusen som Nasjonalparkkommune legg også til rette for eit enda betre samarbeid mellom kommunane med denne statusen, forvaltningsstyra og besøkssentra. Både Miljødirektoratet og Lesja kommune har store forventningar til samarbeidet.

Foto: Bernt M. Tordhol

Foto: Bernt M. Tordhol